Loading Events

Dagskurs skred er for deg som står ein del frikjøring. Eit dagskurs skred gje deg ei innføring i det viktigaste rundt skred og skredfarer.

Kursets formål er å gje deltakarar auka bevissthet rundt skredfare og korleis ein skal forhalde seg til skredfarleg terreng. Skredkurset foregår i Raulandsfjell alpinsenter og krever at du greit tar deg ned utanfor løypene der. Du kan ikkje møte med turski eller ha med hund. Dette er eit kurs som er mynta på dei som bruker område utanfor preparerte løyper eller som går topptur og må ta egne vurderingar og valg med tanke på skredfare.

Eit dagskurs gje kun ei innføring i nokre av dei viktigaste temaene, som å gjennkjenne skredterreng, kjøremønster, fareteikn, skredvarsel og kameratredning. I tillegg ser me på ein del aktuelle område i Raulandsfjell. Dagskurset skred alpint er ein del av malen til NF sin kursrekke og kurshaldar er godkjent veiledar skred frå Norsk Fjellsportforum eller internasjonalt godkjent tindevegleder.

Gå til påmelding eller ta kontakt om du har spørsmål.

Du må ha sekk med spade, søkestang og skredsøker (kan leies av oss for kr 300,- under kurset). Alle deltakarar må ha sekk med dette utstyret. I tillegg bør alle ha med ekstra dujankke/ varm genser, ekstra votter/ hansker, hjelm er påbudt og litt fyrstehjelpsutstyr i sekken.

Me tar forbehold om minimum 3 påmeldte for gjennomføring av kurset. Faktura sendes ut 1 veke før kurset. Dersom det ikkje er 3 påmeldte til den tid tar me kontakt.

Ellers forholder me oss til korona etter FHI sine reglar og anbefalingar. Følg med og ta dine forhåndsreglar, eksempelvis har du symptom så kan du ikkje møte.

Ring 41202406 eller send e-post: post@gygra.no

Gygra er arrangør på høgste nivå i Norsk Fjellsportforum.