

Dagskurs skred – med fjellski
februar 24 @ 9:00 am - 4:00 pm
| Kr1200Dagskurs skred nordisk – er eit dagskurs som gjev deg ei innføring i skredutløysande faktorar og korleis du kan unngå å havne i ein skredfarleg situasjon.
Målgruppa er alle som ferdas i fjellet vinterstid, ikkje bare dei som oppsøker bratt terreng. Kurset gjev deg og nokre nyttige verktøy i høve turplanlegging og kanskje er det med og “knekker” nokre myter om skred. Forhåpentligvis vil dette gje nyttige informasjon til alle, anten du sjølv er aktiv på jakt i vinterfjellet eller går turar.
Kurset er i hovudsak utandørs.
Du må ha: Fjellski som er egna til å gange utanfor oppkøyrde løyper.
Sekk som inneholder:
Ekstra vottar, ekstra ullgenser/ dunjakke, liten spade (om du har), niste og drikke for ein dag ute (gjerne ein thermos med varm drikke), sitteunderlag, kart og kompass om du har.
Generelt så gjeld det også å kle seg godt, kan bli ein del stilleståing innimellom. Har du skredsøkar/ søkestang så ta gjerne også dette med.
Kurset blir avholdt i Rauland, nærmare oppmøtestad blir gitt ved påmelding.