Loading Events

Grunnkurs skred er eit NF (Norsk Fjellsportforum) godkjent skredkurs for deg som ønsker å få ein grunnleggande forståelse for snøskred, vurdering av terreng, andre faktorar som påverkar skredfaren og den menneskelege faktor.

Kurset gjeng over tre dager (fredagskveld + lørdag og søndag) og gjev ei grundig innføring i kva som skal til for at skredet går og korleis ein kan unngå dette. Kurset vil fokusere på tursituasjon, turplanlegging, vegval og risikoreduserande atferd blir ein naturleg del av kurset.

Dette kurset byggjer på NFs mal for grunnkurs skred. Samarbeidsorgan for fjellsportorganisasjoner

Kurset har utgangspunkt på Rauland. Undervegs i kurset kan det bli aktuelt å bevege seg på fleire ulike toppar og terreng i området.

Grunnkurs skred gje også ein god basis for deg som ynskjer å gå videre med skredutdanning og seinere ta eit metodekurs. Då har du også moglegheiten til å gange vidare og sjølv bli skredinstruktør. Alle som fullfører får kursbevis.

På kurset tar me maks 6 deltakere per instruktør og må ha min 3 for at det blir avholdt kurs.

Krav for deltakelse er relativt god fysisk form, at du har ferdigheter på ski eller snøbrett til å kunne ta deg ned utanfor løyper på varierende føre. Kurset krever ingen forkunnskap om skred.

Alle deltakere må ha spade, søkestang og skredsøkar med i sekk. Dersom du manglar kan du leie av oss for kr 300,- under kurset, me selger også gode pakker fra Pieps og Black Diamond. Ski eller brettutstyr må ha bindingar med gåfunksjon og fellar, evt trugar til brett (anbefalar splitboard ved brett). Dersom du mangler dette og ønsker å prøve så ta kontakt med oss. Me har nokre få par utleige toppturski (Black Diamond Helio 95, 105 og 115).

Klikk her for påmelding eller ta kontakt om du har spørsmål!

For kurs i 2020 gjeld FHI sine reglar om smittevern. Dersom nokon i forkant av kurset blir sjuke eller opplever symptom kan du ikkje møte. Sørg for å halde deg oppdatert!