Loading Events
This event has passed.

Bli med Gygra på guida sykkeltur over Hjartdalsfjella, heilt frå Tuddal til Seljord!  

Turen gjeng gjennom Telemarks fantastiske fjellandskap før me slepper oss ned frå fjellet og syklar gjennom Hjartdal. Her kjem me inn i eit flott kulturlandskap og autentisk bygdemiljø.

Me syklar langs skogsbilvegar, gamle driftsvegar og stiar. Me stoppar og tar lunsjen på ein gammel stulsvoll. På Nutheim blir me møtt av vertskapet som kan servere oss ein heimbrygga øl eller andre forfriskningar. Nutheim byr på ei utsikt som har fascinert utallige kunstnerar og det ber også hotellet preg av. Dagen avsluttast med fellesmiddag for dei som ynskjer overnatting her før me gjeng til ro på dei særegne rommene på Nutheim Gjestgiveri.  

Turen er egnet for dei fleste. På guida sykkeltur kan du og få litt tips og trix til sykling undervegs. Stipartiene er ikkje lange (kan fint trillast) og moglegheten til å velge elsyklar gjør at ei gruppe bestående av personer med forskjellig fysiske forutsetninger vil fungere bra saman. Me har elsyklar til leige som er perfekte for turen! 

Underlaget for syklinga består omlag 90% av grus, noko asfalt og noko sti og kjerreveg.

Pris inkluderer ikkje overnatting eller mat, men guiding over fjellet lørdag, bagasjetransport frå Tuddal til Nutheim. Me kan og vere behjelpelege med transport frå Nutheim fredag om du ynskjer ha bilen der.

Ønsker du at me skal gje deg eit tilbud på overnatting og tur så ta kontakt eller book direkte med Tuddal Høyfjellshotell og Nutheim Gjestgiveri.

Forbehold om min 2 påmeldte.

Klar til å bestille?