Laster Hendelser

Ønsker du å bli med på ein guida topptur saman med lokalkjent guide, så bli med Gygra denne dagen! Me går på ein av dei kjente toppturmåla i Rauland og gje litt informasjon om vegval og skredfare undervegs på turen. Turen passar for deg som er fersk eller ønsker å lære litt meir og gå i fellesskap med andre.

Gygra stiller med guide som blir med for å vise fram fine område for topptur. For å delta må du ha randoneeski, telemarksutstyr eller splitboard med feller. Usikker på eget utstyr ta kontakt med oss.

Deltakerar må også ha eige skredustyr. Dvs spade, søkestang og sender/ mottaker. Mangler du noko av dette så kan det leies av oss for kr 300,- I tillegg er det viktig å ha med ein dagstursekk med nødvendig utstyr som klær og litt førstehjelpsutstyr for ein dag ute. Hjelm skal også vere med! Men spør oss gjerne om utstyr dersom du er usikker.

Manglar du toppturutstyr, men ønsker å bli med så kan det leies av oss, utstyret står på Raulandsfjell i vårt lokale der me også har oppmøte. Komplett randosett frå Black Diamond kr 695,- for ein dag (inkl ski, støvler, staver og feller).

Ein dag med guide på topptur er ikkje eit kurs, men det vil absolutt bli muligheter for å lære undervegs. Både litt om vegval, utstyr, planlegging av tur og skredfare. Forhåpentligvis blir det også ein sosial tur der du treffer likesinna med toppturinteresse!

Oppmøtestad blir Raulandsfjell kl 09:00. Me vil derfra samle oss i privatbiler og køyre til utgangspunktet for turen.  Me reknar med å bruke dagen og er vel mest sannsynleg tilbake rundt kl 16:00.

Det er ikkje lov å ha med hund. Aldersgrense 14 år, men dei under 18 bør vere i lag med 1 vaksen.

Send melding/ ring 41202406 for påmelding eller fyll ut påmeldingsskjema. Dersom du ønsker å leie skredustyr eller ski spesifiser dette. Dersom ski, må me også vite sko str, lengde og kort om skiferdigheter. Me har begrensa utval i toppturstøvler men forskjellig Dynafit støvler frå str ca 39 – ca 45. Ski i str 175 – 186.

All betaling på VIPPS ved oppmøte.