Loading Events

Skredkurs for ungdom er eit skredkurs for deg mellom 13 – 18 år og som synes det er moro å stå utanfor løypene

I år køyrer me eit ungdomskurs i samarbeid med Vinje Turlag til svært gode prisar! Me meiner det er svært viktig å vite litt kva krefter som kan vere i sving og kva enkle grep du kan ta for å halde deg trygg!

Formålet i skredkurs for ungdom, er å gje ungdom meir kunnskap omkring skredfare. Når er det farleg, kvar er det farleg og kvar er det evt trygt å kjøre når forholda tilseier skredfare? Det er ikkje tenkt å skremme ungdommen fra å stå på ski, men at ein må vere bevisst at det kan vere farleg å oppsøke bratt terreng vinterstid.

Skredkurset foregår i Raulandsfjell alpinsenter og krever at du greit tar deg ned utanfor løypene der. Kurset vil ha ein kombinasjon av litt teori inne med nokre filmsnuttar og praktisk ute. Ute så vil me gå gjennom ulikt terreng og snøkjennskap samt at me vil komme kort inn på kameratredning og alle skal få teste kameratredningsutstyr.

Kurshaldar er godkjent veiledar skred frå Norsk Fjellsportforum eller internasjonalt godkjent tindevegleder.

Gå til påmelding eller ta kontakt om du har spørsmål. NB! Dei fyrste 10 plassane er forbeholdt fastbuande ungdom i Vinje.

Alle må stille med alpint, telemark eller snowboard og det er påbudt med hjelm. Kan også vere kjekt å ha med sekk med ekstra votter og en ekstra genser/ dunjakke i.

Me tar forbehold om minimum 3 påmeldte for gjennomføring av kurset. Dersom det ikkje er 3 påmeldte en veke i forkant kan kurset bli avlyst og evt innbetaling blir refundert. Skredkurs for ungdom 150,-/ deltaker

 

Ring 41202406 eller send e-post: post@gygra.no

 

Gygra er arrangør på høgste nivå i Norsk Fjellsportforum.

 

Share This Story, Choose Your Platform!