Loading Events

Lyst til å starte med topptur? Bli med på eit toppturkurs som gjev deg ei grundig innføring.

Eit toppturkurs med Gygra går over 2 dager og er retta mot deg som er heilt fersk, eller for deg som bare har “hengt med” og ønsker å lære meir om dra på egne turar. Her kjem sesongens fyrste kurs og det kan du bli med på i Rauland, oppmøte laurdag blir i Raulandsfjell.

Toppturkurs er med andre ord eit nybegynnar kurs.

Tema i kurset:

  • Utstyr og bruk av utstyr
  • Snøskred
    • skredvarsel
    • kameratredning
    • turplanlegging
    • korleis unngå å havne i skredfarleg situasjon
  • Skiteknikk utanfor preparerte løyper
  • Køyremønster og risikotenking

 

Praktisk informasjon

Kurset vil i hovudsak vere praktisk og føregange utandørs. Me vil bruke delar av fyrste dagen med heisbasert køyring med tanke på øving av skiteknikk og køyremønster, mest sannsynleg vert dette i Raulandsfjell (heiskort er ikkje inkludert).

I forhold til utstyr må du ha: Telemark eller alpinski med gåfunksjon og feller, evt splitboard (anbefaler ikkje truger). Skredutstyr i sekk, dvs skredsøker, søkestang og spade. Mangler du noko av dette utstyret kan det leies av oss for kr 300,- under kurset (utstyret kan kjøpes etter kurs med fratrekk i pris om du ønsker).

Me leier også ut randoneeutstyr, 695,- per dag (under kurs leier du for kun 695,- for begge dager), dette inkluderer årets modell av toppturski frå Black Diamond med Marker Kingpin eller Alpinist binding, teleskopstaver, feller og støvler.

Hjelm er påbudt. Anbefaler også at du har med niste og drikke til ein dag ute, ekstra varm dunjakke/ ullgenser, kart og kompass, goggles, solkrem, enkelt førstehjelpsutstyr. På kurs hender det at det blir litt stilleståande og det kan fort bli kaldt, følg med på værmeldingen i forkant for å vere forberedt.

Ønsker du overnatting kan me anbefale Raulandsfjell.

Ta kontakt om du har spørsmål!

Me tar forbehold om minimum 3 påmeldte for gjennomføring av kurset. Dersom det ikkje blir nok deltakere refunderes kursbeløpet i sin heilhet. Du vil evt få beskjed om dette seinast 1 veke før kursstart. 

Med tanke på korona hugs at FHI sine anbefalingar gjelder, er du sjuk så kan du ikkje møte. Under kurset legger me til rette for at me kan gjennomføre dette trygt med 1 m avstand.