Laster Hendelser

Lyst til å starte med topptur? Her kurset som gjev deg ei grundig innføring.

Eit toppturkurs med Gygra går over 2 dager og er retta mot deg som er heilt fersk, eller for deg som bare har “hengt med” og ønsker å lære meir om dra på egne turar. Her kjem sesongens fyrste kurs og det kan du bli med på i Rauland!

Toppturkurs er med andre ord eit nybegynnar kurs.

Tema i kurset:

  • Utstyr og bruk av utstyr
  • Snøskred
    • skredvarsel
    • kameratredning
    • turplanlegging
    • korleis unngå å havne i skredfarleg situasjon
  • Skiteknikk utanfor preparerte løyper
  • Køyremønster og risikotenking

 

Praktisk informasjon

Kurset vil i hovudsak vere praktisk og føregange utandørs. Me vil bruke delar av fyrste dagen med heisbasert køyring med tanke på øving av skiteknikk og køyremønster, mest sannsynleg vert dette i Raulandsfjell (heiskort er ikkje inkludert).

I forhold til utstyr må du ha: Telemark eller alpinski med gåfunksjon og feller, evt splitboard (anbefaler ikkje truger). Skredutstyr i sekk, dvs skredsøker, søkestang og spade. Mangler du noko av dette utstyret kan det leies av oss for kr 300,- under kurset (utstyret kan kjøpes etter kurs med fratrekk i pris om du ønsker).

Hjelm er påbudt. Anbefaler også at du har med niste og drikke til ein dag ute, ekstra varm dunjakke/ ullgenser, kart og kompass, goggles, solkrem, enkelt førstehjelpsutstyr. På kurs hender det at det blir litt stilleståande og det kan fort bli kaldt, følg med på værmeldingen i forkant for å vere forberedt.

Ønsker du overnatting kan me anbefale Raulandsfjell.

 Meld deg på eller ta kontakt om du har spørsmål!

Me tar forbehold om minimum 3 påmeldte for gjennomføring av kurset. Faktura sendes ut 1 veke før kurset. Dersom det ikkje er 3 påmeldte til den tid tar me kontakt.