Laster Hendelser

Lyst til å starte med topptur? Her kurset som gjev deg ei grundig innføring.

Eit toppturkurs med Gygra går over ei helg og er retta mot deg som er heilt fersk, eller for deg som bare har “hengt med” og ønsker å lære meir om dra på egne turar.

Toppturkurs er med andre ord eit nybegynnar kurs.

Tema i kurset:

  • Utstyr og bruk av utstyr
  • Snøskred
    • skredvarsel
    • kameratredning
    • turplanlegging
    • korleis unngå å havne i skredfarleg situasjon
  • Skiteknikk utanfor preparerte løyper
  • Køyremønster og risikotenking

 

Praktisk informasjon

Kurset vil i hovudsak vere praktisk og føregange utandørs. Me vil bruke delar av fyrste dagen med heisbasert køyring med tanke på øving av skiteknikk og køyremønster, mest sannsynleg vert dette i Raulandsfjell (dersom du treng heiskort, ikkje har sesongkort i Rauland, kan det ordnes dagskort til ein gunstig pris).

I forhold til utstyr må du ha: Telemark eller alpinski med gåfunksjon og feller, evt splitboard (anbefaler ikkje truger). Skredutstyr i sekk, dvs skredsøker, søkestang og spade. Mangler du noko av dette utstyret kan det leies av oss for kr 300,- under kurset (utstyret kan kjøpes etter kurs med fratrekk i pris om du ønsker).

Hjelm er påbudt. Anbefaler også at du har med niste og drikke til ein dag ute, ekstra varm dunjakke/ ullgenser, kart og kompass, goggles, solkrem, enkelt førstehjelpsutstyr. På kurs hender det at det blir litt stilleståande og det kan fort bli kaldt, følg med på værmeldingen i forkant for å vere forberedt.

Ønsker du overnatting kan me anbefale Raulandsfjell.

 Meld deg på eller ta kontakt om du har spørsmål!

Me tar forbehold om minimum 3 påmeldte for gjennomføring av kurset. Faktura sendes ut 1 veke før kurset. Dersom det ikkje 3 påmeldte til den tid tar me kontakt.