Laster Hendelser

Bli med Gygra på ei toppturhelg i Sogndal!

Me har leigd ei større hytte på ein liten gard nær Sogndal som blir basen vår for helga. Sogndal er eit glimrande utgangspunkt for å nå mange ulike toppar og toppturområde innanfor kort køyring. Alt frå Jostedalen til Sogndalsdalen og Sognefjellet vil vere alternative turområde.

Her får du blitt med å gå flotte turar med eller uten guide og ha ei fin helg der fokus “ski, eat, sleep”!

Turar blir satt kvelden før utifrå gruppe, vær og føremeldingar. Det blir 3 turdager. Fredag, laurdag og søndag. Det vil vere aktuelt å sette opp turar på ulike nivå, om nokon heller skulle ønske å bruke ein dag i heis så er det kort avstand til to av dei beste pudderbaserte skianlegga her til lands! Sogn skisenter og Sogndal skisenter! Torolf og Rune er med som vegledere, Rune har også budd i Sogndal i 7 år og kjenner godt området rundt og mulighetene.

På hytta blir det innkvartering omtrent som på ubetjente turisthytter og me handlar inn og lagar felles måltider i lag. Kveldsmat torsdag og frokost til fredag er ordna og klart. Kveldstid blir det rom for å nyte ein kald øl og drøfte neste dags turar. Her får du også mulighet til å bli godt kjent i området med turar og muligheter. Alle måltid vil vere dekt av deltakeravgifta, men matlaging må me stå for i fellesskap! Drikke utanom til mat og snacks må folk stå for sjølve.

For å komme til Sogndal anbefaler me samkøyring. Frå Åmot reknar me ca 6 timar via Voss. Frå Bø ca 6 timar via Hemsedalfjellet. Det kan også vere eit alternativ for enkelte med fly til Sogndal Lufthamn (Eks Torp 18:15 er framme i Sogndal 20:45).

Kva må du ha med: Sengetøy/ sovepose, toppturutstyr (telemark, randone eller splitboard), skredutstyr (skredsøker, søkestang og spade), dagstursekk, hjelm og skitøy for dagsturer ute.

Mangler du skredutstyr så kan det leies av oss for 400,- under oppholdet.

 

Kva forventar me å få: mange høydemeter, god stemning!

 

Ta kontakt for meir info og påmelding! Min 5 for gjennomføring maks 12 plasser!