Laster Hendelser

Veilederkurs skred arrangeres i Rauland 13.-16. februar 2020

Eit veilederkurs skred skal bevisstgjere og forberede deltakarar på rolla som skredinstruktør og ansvaret som fylgjer med. Kurset skal anspore til refleksjon over korleis ulike tema i eit skredkurs bør formidlast. Veilederkurset skal også vere ein praktisk eksamen, der deltakarane skal syne at dei har den naudsynte forståing, kunnskap og eigenferdigheit innan risikoreduserande tiltak, leiarskap, formidling og initativ til å fungere som instruktørar.

Opptakskrav for veilederkurs skred

  • Gjennomført metodekurs skred (i utgangspunktet ikkje eldre enn 3 år sidan)
  • Dokumentert assistentpraksis etter krava i Norsk standard pkt 10.3.3
  • Ha fylgd anbefalingar frå metodekurs og assistentpraksis.
  • Grunnlegande fyrstehjelpskurs krevjast før godkjenning, med vekt på traume og hypotermi.

Etter endt kurs

Etter gjennomgjenge kurs og endeleg godkjenning vil du kunne virke som skredinstruktør 1. Dvs at du er godkjent for å vere instruktør på alle typer dagskurs og grunnkurs dersom det er den alpine delen du tar kurset i. Samt at du kan vere veiledar på fagsamling skred. Ved nordisk kan vere instruktør på tilsvarende dagskurs og grunnkurs og veileder på fagsamling skred i enkelt skredterreng.

Søke om opptak

For å søke om opptak til kurset må du fylle dette skjema og sende til NF i god tid før kursstart. Bør sendast seinast 1 mnd før kursstart.

Praktisk informasjon om kurset

Kurset vil foregå i Rauland. Pga undervisning og aktivitet også om kveldene er det ønskeleg at alle deltakarar overnatter på Raulandsfjell. Priser for kurs og overnatting med frokost og middag vil komme.  Normalt ligger avgiften for eit kvalifiserande 4 dagers skredkurs vere 5.800,-

Påmelding