Sykkel: Gygra er still going, men me skulle gjerne stillt med stallen smekkfull av syklar i år.. Dessverre solgte me ut det aller meste av syklar i fjor haust og dei syklane me hadde bestillt til denne sesongen har ikkje kommet. Me får kun nokre få av desse i løpet av juni og me har ingenting på lager til salg. Kjipt siden dette er tidenes sykkelsesong 🙂

Men ellers har me verkstad i garasjen til Rune og tar gjerne ein service på sykkelen din. Me er autoriced til å ta service på Shimano el syklar og kan også skru i stand din gamle jernhest. Det er litt ymse med kva me får tak i av delar, men det meste klarar me å skaffe.. Så treng du nytt kjede eller nye dekk eller må fikse dine hydrauliske bremser så ta kontakt..! Det er absolutt tida for å reparere brukt både med tanke på miljø, men og det faktum at det er særdeles vanskeleg å få tak i draumesykkelen om dagen. Trek hadde eksempelvis 3 gonger så mange forhåndsbestillingar på syklar før 2021 som det dei klarer å produsere, i tillegg kjem utfordringar med delar og frakt…

Sabotørstien kan me fortsatt ta guiding på, ta kontakt med oss om du er ei gruppe som ønsker guiding der. Prisar frå 3000,- for guide.

Topptursesongen er ikkje over, fortsatt masse sno i fjellet og me lurar oss innimellom ut på eigentur. Men grunna strenge retningslinjer og anbefalingar i Vinje (..og nasjonalt) har me ikkje hatt guiding eller kurs dei siste vekene. Randoneutstyr kan fortsatt leigast (ta kontakt).

Klatriner fint og me har satt opp det fyrste kurset i slutten av mai. Dette blir eit utandørs nybegynnarkurs over ei helg. Kurset vil bli avholdt i Kviteseid.

Kajakk har me ikkje så mange av sjølv, men om du treng våttkort eller eit kurs i bruk av havkajakk så er me sertifisert til å holde dette også gjennom NPF.