Guida sykkeltur frå Tuddal til Nutheim

kr1,200.00

Guida sykkeltur  på grusveger, litt sti og litt asfalt. Lite trafikk og mykje natur! Ta kontakt for tilbud med overnatting og transport tilbake til Tuddal! Leige av elsykkel eller vanleg sykkel er mulig til turen!

SKU: 8 Category:

Description

Ein dag med sykling gjennom Telemarks natur- og kulturlandskap! Ein guida sykkeltur med Gygra legg til rette for at du skal ha fokus på sykkel og Telemark!

Om turen

Turen krev at du kan vere ute på tur ein heil dag, men den stiller ikkje særskilte krav til høg kondisjon. Dette fordi du rett og slett kan stille med elsykkel eller leie ein premium elsykkel av oss tilpassa turen! Dette gjør turen overkommeleg for dei aller fleste! Det gjeng også fint å kombinere at nokon brukar elsykkel og andre vanlig sykkel!

Overnatting

Me anbefaler overnatting før start på Tuddal Høyfjellshotell, etter syklinga høver det godt med ein middag og ei natt på Nutheim Gjestgiveril. Begge hotell med sjel og god lokalmat på menyen!

Sykkel og utstyr

Me anbefaler ein vanleg terrengsykkel for turen, gjerne hardtail. Hybrid er i grenseland spinkelt for enkelte deler av ruta. Det er likevel ikkje teknisk vanskelig sykling og 90% av turen går på grusveger.

Usikker på sykkel og utstyr ta kontakt med oss. Ønsker du å leie så leier me ut fantastiske elsykler eller en lett fulldempet terrengsykkel der du kan låse demperene og ha en fin tur!

Bagasje

Me anbefaler å sykle med ein lett dagstursekk. Ha med litt ekstra drikke og snacks og lunsj i denne.  Overnatter du da på Tuddal Høyfjellshotell kan du smøre niste der og ta med. Bagasjen frå Tuddal til Nutheim kan du få frakta i bil.