Sabotørstien

Guida tur på Sabotørstien!

Me vil guide på Sabotørstien i år også! Guidinga utfører me for Norsk Industriarbeidermuseum Vemork. Stien me guidar på er langs ruta sabotørane tok seg ned frå fjellet. Guidinga startar i år 25. juni og vil føregange på tysdag, torsdag og søndag.

Ruta er på omlag 8 kilometer og du får gått og sett korleis sabotørane kom seg ned til Rjukan. Me anbefalar ikkje turen for barn under 10 år, du må ha godt skotøy og vere rusta for ein fottur i terreng på rundt 4 timar. Drikkeflaske og noko niste er lurt å ta med. Terrenget er relativt lettgått, men det blir ganske bratt mot slutten og det er også nokre parti som er steinete.

For booking av billetter til turen klikk inn på sidene til Visit Rjukan.

 

2019-04-01T14:23:10+00:00