Bedrift/Grupper 2018-12-14T21:45:56+00:00

BEDRIFT / GRUPPER

Gygra tilbyr opplegg som høver for bedrifter, skuleklasser eller vennegjengen på tur.

Me tilbyr ulike opplegg fleire stader i Telemark, men felles er at alle opplegg er knytt til opplevelser i natur. Rjukan, Rauland og Midt- Telemark er nokre av våre destinasjoner, men me kan og bidra til opplegg andre stader. For å sjå kva me tilbyr av ferdigsydde opplegg så ta ein kikk inn på dei ulike destinasjonane. Sjølvsagt kan me også skreddersy eit opplegg som høver deg og dine behov!

Rjukan

På Rjukan knyter me oss opp mot den unike lokale historien som finnes. Her tilbyr me i sommersesongen guida turer til fots eller på EL sykkel. Opplegga er tilknytt og i tett samarbeid med NIA (Norsk Industriarbeidermuseum) og kan kombinerast med ulike besøk på for eksempel Vemork, Rjukanbanen eller Krossobanen.

Verdensarvruta på to hjul

Dette opplegget er eit fulldagsprogram med start inne på Vemork for ein kort omvisning med guide frå Norsk industriarbeidermuseum. Turen går så videre på EL sykkel ned gjennom Rjukan by og ut til Mæl. Her vil det bli tur over Tinnsjøen med det flytende museet M/F Storegut, omvisning av guider på båten. Her kan man også kjøpe seg en matbit. Videre går turen nedover langs vassdraget frå Tinnoset og til Notodden på EL sykkel, nokre stopp langs ruta med guiding. Turen avsluttast med mat og omvisning på Telemarksgalleriet/ Lysbuen. Busstransport tilbake til Rjukan.

Denne turen kan etter endt rundtur med M/F Hydro også gå tilbake til Rjukan, då feks med det historiske toget på Rjukanbanen. Dette blir ein kortare tur med historisk innhald heile vegen.

Vandring langs sabotørstien og inngang til Vemork

Dette er ein mulighet for ei gruppe til å gå delar av ruta sabotørane gjekk natt til 28. februar 1943. Ruta er relativt grei å gå for dei fleste (noko bratt nedstigning nokre stader, men der er det tau å holde i) og turen tar ca 7 timar inkludert eit besøk på Vemork med ein matbit etter gåturen. Sjølve gåturen er rundt 7 kilometer. Det er guide som følger gruppa og forteller undervegs om kva som skjedde i forkant av sjølve sabotasjeaksjonen på Vemork.

Rauland

Rauland har mange muligheter både vinterstid og sommartid. Vinterstid kan me tilby alt frå skiinstruksjon som ender opp i prestisjetunge konkurranser i løyper til teambuildingoppgåver til trugetur i nærmiljøet. Sommartid kan du oppleve Rauland frå sykkelsetet eller teste dine egenskapet i vår egen vesle 71 grader nord konkurranse.

Skidag

Skiinstruksjon i bakke fram til lunsj. Etter lunsj 1 time egentrening eller ekstra instruksjon for dei som ønsker. Så 1 time høyst offisiell konkurranse for å kåre bedriftens Gunnar Gnarly på ski. Heiskort og evt leie av skiutstyr kan ordnes på førehand for å lette logistikk og kø.

Trugetur

For enkelte kan ein roleg trugetur i nærmiljøet vere det som trengs. Her kan me tilby trugetur med sett av truger til opptil 15 personer om gangen. Klarer dere også å bygge ein igloo i løpet av 1,5 time..?

Sykkelturer

Me kan ta med bedriften på guida sykkeltur. På bedriftsturer stiller Gygra med høgkvalitets terreng EL sykler. Alle kan bli med på dette. Kanskje det er noen birkebeinere i gjengen som tar turen på vanlig sykkel (me har nokre av dei flottaste modellane til Trek for utleige)?

I Bø tilbyr Gygra sykling, klatring eller teambuilding.

Stisykling med eller uten EL sykkel. Sykle opp til toppen av Lifjell med lunsj der oppe, ein ettertrakta tur for mange proffe syklister. Er det noen syklister i din gjeng så vil dei garantert prøve seg uten EL motor. For disse har me supre Trek landeveissykler klare.

Klatring og rappelering på klippe er ein spennande aktivitet for heile gruppa.

Teambuildingoppgåver som lag der dine ansatte kan få testa sine evner i samarbeid og beslutningstaking.

Andre

Gygra tilbyr gjerne opplegg andre steder i Telemark. Me kan ta med sett på opptil 15 EL sykler rundt i Telemark. Teambuildingoppgåver får me til der du måtte ønske. Er det andre opplegg du ønsker at me skal se på eller sy sammen så ta gjerne kontakt. Me har fleire gode samarbeidspartnere andre stadar i fylket. Bestige Hægefjell med klatresko? Padle på Telemarkskanalen i kajakk? Gå ein topptur på Haukelifjell?

Ta kontakt!

Se hva som skjer fremover i kalenderen
påmelding
Kontakt